Din lokale guide i Vik i Sogn
– ekte opplevingar med Sylvringen
Vik er ei bygd rik på historie og kulturskattar. Turane våre er magiske og minneverdige reiser gjennom historia og det vakre landskapet her i hjarta av Sogn.
Bestill ein tur og opplev både naturen og den fantastiske kulturarven i Vik! Bli med gaiden vår på ei kulturell og historisk reise i det vakre landskapet rundt Vik. Vik har nokre fantastiske attraksjonar å by på, alt i gangavstand frå sentrum. Opplev Hopperstad stavkyrkje, Hove steinkyrkje og smak på "Gamalosten" eller bli med på vandreturar i naturen. Alle turane våre har blitt til gjennom samarbeid med våre partnarar
Blix Hotel, Tine Dairy Vik, National Trust of Norway, and Visit Sognefjord
Booking: post@sylvringen.no
Meir om turane.
Om du vel turen på Vikøyri får du rusla i kulturhistoria. Det verna området med småhus og naust er noko du berre må sjå. I tillegg vil vi servera deg ein smak av gamalost med aner frå vikingtida.
Ynskjer du å gå på ein litt lengre tur, kan du bli med på rundturen Sylvringen. Her får du i tillegg til Vikøyri også oppleva Hopperstad stavkjyrkje og Hove steinkyrkje frå ca 1100. Du får og sjå og høyre om nokre av gravhaugane i bygda. Sjølvsagd høyrer ein smak av den tradisjonsrike gamalosten med på denne turen.
Er du av den sporty typen blir du med oss på turen Hovsåsen rundt. Dette er ein 12 km lang vandretur med eit fantastisk utsyn over Vik frå toppunket på turen. Matpakke er inkludert. Gode sko og klede er nødvendig.


Opplevingar og suvenirar frå Vik
I tillegg til våre guida turar tilbyr vi eit variert utval av opplevingar, suvenirar, bøker og andre produkt med tydeleg tilknyting til Vik i Sogn.
Utvalet er nøye valt for å spegle lokal historie, natur og kultur, og gir gjestene høve til å ta med seg ein bit av området heim. Enten du er interessert i lokal litteratur, handplukka minne frå reisa eller unike opplevingar som utdjupar besøket ditt, ønskjer vi å gi deg noko som skaper varige inntrykk og styrkjer opplevinga av Vik i Sogn.
Besøk vår nettbutikk
Nettbutikk



