Kjøps og bestillingsvilkår:

Sylvringen as. Org nr. 917 323 534

Vilkåra gjeld avtalar inngått mellom Sylvringen as og våre gjester. Avtalen gjeld kjøp av våre produkt og tenester.

Sylvringen as sitt ansvar.

Sylvringen as, Org nr. 917 323 534 er ansvarleg for alle transaksjonar som  går gjennom vår nettside.  Vår samarbeidspartnar Nets er ansvarleg for at kredittkortnummer og -kodar vert handterte  på ein trygg måte i samsvar med krava som er definert i Payment Card Industry Data Security Standard (PCI DSS)

Sylvringen as er berre ansvarleg for produktet som er skildra, og for at gjesten får det hen har krav på i samsvar med avtalen. Ansvaret for dei oppgåvene som skal gjennomførst av underleverandør står underleverandørane sjølve for. Alle kundedata vert oppbevart etter norsk lov, og ingen personlege data vil bli selde vidare til ein tredjepart.

Skriftleg stadfesting og andre nødvendige dokument for bestillinga vert sende til gjesten.

Underleverandørar

Vi er ansvarleg for at våre underleverandørar får betalt og leverer sin del av våre produkt. Underleverandørane er sjølve ansvarlege for sin del av produktet, inkludert nødvendige forsikringar, løyver mm for å holde gjeldande lover og reglar.

Bindande reservasjon

Ein reservasjon er bindande så snart eit bestillingsnummer er tildelt og betalinga er fullførd. Det er gjesten sitt ansvar å kontrollera at produkt, dato, tid og anna som er vesentleg for bestillinga  er rett.

Betaling

Produktet skal vera betalt og stadfesting skal takast med og visast før start på turen. Våre prisar er inkl. mva. All betaling i norske kroner.

Avbestilling

Gjesten kan avbestilla produktet som er bestilt inntil 48 timar før turstart. Heile kjøpsbeløpet vil då verta refundert. Ein eventuell refusjon vil skje til kredittkortet som vart brukt ved bestilling.  Ved avbestilling mindre enn 48 timar før turstart, eller ved manglande frammøte til turstart vil ikkje kjøpesummen bli refundert.

Bestillingsendringar må skje innan kl. 16.00 dagen før avreise, med forbehold om ledig kapasitet.

Tap og skade

Sylvringen as har ikkje ansvar ved sjukdom, tap eller skade på reisegods, ulukke, erstatningsansvar og liknande. Vi tilrår alle våre kundar om sjølv å sørgje for gode reiseforsikringavtalar før reisa.

Gjesten sine forpliktingar

Gjesten pliktar å følgje ordensreglar, tilrådingar og bestemmelsar som gjeld for turen/opplevinga. Gjesten står fullt ansvarleg for eventuelle skadar han måtte påføre Sylvringen as, våre underleverandørar eller tredjepart.

Kva om noko går gale?

Eventuelle feil/manglar skal straks meldast til den ansvarlege parten på staden, slik at feilen eller mangelen kan rettast snarast mogeleg. Dersom du har unnlete å gi høve til å retta opp eventuelle manglar, kan du i ettertid ikkje krevja kompensasjon.

Force Majeure/ forbehold.

Sylvringen as tek ikkje ansvar for konsekvensane av dårleg ver, stengde vegar eller andre forhold som ligg utafor selskapet sin kontroll. Sylvringen as har rett til å kansellera bestillingar i slike høve. Ved kansellering på bakgrunn av Force Majeur vil gjestene ikkje ha rett på refusjon

Sylvringen AS - Org.nr 917 323 534