Om Sylvringen

Org 917 323 534

Sylvringen blei skipa i 2016 med opphav i restaureringa av Refsdal kraftstasjon frå 1913. Etter at dette staslege bygget blei berga frå forfall ynskte ein å kunne visa fram resultatet til folk.

Ein såg at det ikkje var tilrettelagd for å kunne besøka alle dei historiske perlene som finst i Vik. Rett nok hadde Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje gode besøkstal, men alle dei andre interessante objekta blei gøymd og gløymd for almenheita.
Med dette i tankane gjekk utviklinga av selskapet sakte framover. Ein starta med bussturar, og har sidan knytt til seg selskap som GoFjords og cruisetrafikk. I dag rår Sylvringen as over ca 15 kunnskpasrike gaidar som tar tilreisande med på og deler av den rike historia og dei unike attraksjonane Vik har å by på.

Sylvringen AS - Org.nr 917 323 534