Hovsåsen rundt

Vandretur med rast og fotostopp på utsynspunkt

Start tid: På forespurnad
Tid: 4,5 times tur 12 km medium nivå
Minimum: 10 personar
Pris NOK 450,- pr person
Matpakke, frukt, vatn og kaffi inkludert. Gode sko og klede nødvendig.
Høgste punkt 302 moh.

Vi ønskjer deg velkomen på tur med oss.

Vi startar i sjøkanten og gjer ein kort stopp på Blix Hotell, der vi får utlevert kvar sin matpakke og vatnflaske. På turen passerer vi både Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje, men vi går ikkje inn i kyrkjene. Vidare passerer vi gravhaugane på Hove og andre spennande ting som gaiden vil fortelja om undervegs.

Etter ei bratt oppstigning stoppar vi for lunsj og fotopause i Hovsåsen. Herifrå har du eit makalaust utsyn over bygda og ut fjorden. På turen tilbake til sentrum, som blir kalla Øyri, går vi gjennom eit rikt jordbrukslandskap som blei forma etter siste istid.
Etter turen håpar vi at du sit igjen med eit minne for livet, og at du set like stor pris på Vikjabygda som vi som bur her gjer.
Alle turane våre har blitt til gjennom samarbeid med våre partnarar
Blix Hotell, Tine Meieriet Vik , Fortidsminneforeninga, og Visit Sognefjord