Sylvringen,
ei historisk vandring
(3,5 times tur)

Start tid: På førespurnad
Tid:. 3,5 times vandring, 6 km
Minimum: 8 personar.
Pris: 450,- NOK pr person
Bilettar til kyrkjene og smaksprøvar på meieriet er inkludert.

Opplev Vik gjennom historia

Turen Sylvringen er oppkalla etter den vakre sagaringen i sylv som vart funnen i ein av gravhaugane her i Vik. Turen startar med gaiding på Vikøyri og strandsitjarmiljøet ved fjorden. Vi besøker Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje. På vegen passerer vi fleire gravhaugar, du får vita kor den vakre sagaringen blei funnen, og andre spennande ting. Mellom anna har vi gleda av å introdusera dykk for gamalosten -ei smaksoppleving du vil hugse lenge. 

Me tek dykk med på ein tur å hugsa

På turen ruslar vi mellom dei små pittoreske husa og nausta som utgjer strandsitjarmiljøet på Vikøyri. Vi går inn i eit av husa som står akkurat slik det vart forlatt for mange år sidan.

Hopperstad stavkyrkje er eit vakkert syn ein berre sjå. Kyrkja er ei av dei to eldste stavkyrkjene i landet og syner den framifrå arkitekturen som er ein del av Noregs tilskot til verdas kultur- og arkitekturarv. Hove steinkjyrkje kan kanskje ikkje måla seg i storleik til dei samtidige katedralane i Europa, men er særeigen for Noreg og vel verd et besøk, særleg den vakre veggdekoren.

På vandringa får du høyre om dei mange gravhaugane me passerer og kva som vart funnen i nokre av dei. Vi har også gleda av å by deg på ein smak av gamalosten. Oppskrifta er den same som i vikingtida og meieriet i Vik er det einaste meieriet i landet som framleis produserer gamalost. Attmed osten vert det servert lokal bringebærjuce frå Vik.

Etter turen håpar vi du sit att med eit minne for livet, og at du set like stor pris på Vik som vi som bur her gjer.
Alle turane våre har blitt til gjennom samarbeid med våre partnarar
Blix Hotell, Tine Meieriet Vik , Fortidsminneforeninga, og Visit Sognefjord